Foreldrenettverk

I løpet av oppveksten skal ungane ta mange val, både små og store, som får konsekvensar for resten av livet. Å vekse opp i dag gir andre og betydeleg fleire utfordringar enn kva foreldregenerasjon møtte i oppveksten sin. Aldri har vi hatt fleire valmoglegheiter og høgare press. Barn og unge treng trygge vaksne som kan gjere nokon av vala litt enklare. Frykta for å bli ståande aleine er ei årsak til at nokon ungdommar tek uheldige val i oppveksten.

Foreldrenettverk handlar om at foreldre på ei avdeling i barnehagen eller i ein skuleklasse blir kjent med kvarandre gjennom sosiale møtepunkt. Foreldre er barna sine viktigaste støttespelarar og rollemodellar. Det er eit stort ansvar, og det er mykje foreldre skal ta standpunkt til. Då kan det vere godt å ha nokon å dele erfaringar med som har barn på same alder (foreldreutvalgene.no/fug/).

Vi må bry oss, ikkje berre om eigne barn, men òg om dei andre barna på avdelinga eller i klassen. Ein positiv foreldrekultur og ei foreldrenettverksgruppe er ein god og viktig måte å bry seg på
— Norsk narkotikaforebyggende forening

Kva er eit foreldrenettverk?

Her får du informasjon om kva eit foreldrenettverk er. Kvifor meiner politiet det er nyttig og kva erfaringar har foreldre med å organisere og delta på nettverksmøte.

Kvifor foreldrenettverk?

Foreldrenettverk legg til rette for at foreldra blir betre kjent med kvarandre og med barna i barnehagen eller i klassen. Eit godt foreldrenettverk blir m.a. anbefalt av politiet for å førebygge mobbing og psykososiale vanskar.

Dette bidreg til:

  • auka trivsel for både barn, elevar og foreldre

  • å skape tilknyting og engasjement for barnehagen, klassen og skulen

  • vennskap og inkludering

  • å utvikle felles normer og regler i foreldregruppa

  • at foreldre får kjennskap til kva som rører seg i miljøet til barna

  • at det vert enklare å ta kontakt med andre foreldre om ting dei bør vite om, eller når noko har skjedd