foreldresamarbeid

Føresette er ein uvurderleg ressurs i barna sine liv. Deira involvering, støtte og engasjement har stor verdi for utvikling , motivasjon og trivsel i skulen. Føresette kjenner barna sine best og kan bidra med verdifull innsikt og informasjon som kan hjelpe lærarar med å gi barna ein best mogleg skulekvardag.

Under finn du tips til korleis organisere foreldremøte, forslag til tema på foreldremøte, om foreldrenettverk og malar til bruk i samtalar.

plan for samarbeid

Foreldremøte

Foreldremøta er ein viktig del av samarbeidet mellom skulen og heimen, og har fleire formål:

  • Foreldra får informasjon frå skulen, om til dømes innhaldet i skulekvardagen, trivsel, kva tema elevane arbeider med i perioden, retningslinjer, system og utfordringar i gruppa

  • Foreldremøta er ein viktig arena for å skapa dialog mellom skule og foreldra og å leggja til rette for felles språk for å forstå barna og ungdomane. Korleis kan foreldra påverka skulekvardagen?

  • Foreldremøta er ein viktig arena for å byggja foreldrefellesskap, der foreldra kan verta kjent med kvarandre, knyta band og utveksla erfaringar

Tema på foreldremøte for 1. trinn

Foreldremøte på hausten

trygg og god Skulestart

Foreldremøte på våren

6 års puberteten

Tema på foreldremøte for 2. trinn

Foreldremøte på hausten

Vennskap/bygge laget

Foreldremøte på våren

Foreldrerolla og robuste barn

Tema på foreldremøte for 3. trinn

Foreldremøte på hausten

trygg på Nett

fornøgd med meg sjølv

Foreldremøte på våren

Tema på foreldremøte for 4. trinn

Foreldremøte på hausten

“pre teen tida”

Foreldremøte på våren

hjelpe barn til god helse

 Tema på foreldremøte for 5. trinn

Vennskap/bygge laget

trygg på Nett

 Tema på foreldremøte for 6. trinn

kropp og seksualitet

Å tole kjensler

 Tema på foreldremøte for 7. trinn

puberteten - forstå seg sjølv og andre

hjelp eg har fått ungdom i hus!

Foreldrenettverk

I løpet av oppveksten skal ungane ta mange val, både små og store, som får konsekvensar for resten av livet. Å vekse opp i dag gir andre og betydeleg fleire utfordringar enn kva foreldregenerasjon møtte i oppveksten sin. Aldri har vi hatt fleire valmoglegheiter og høgare press. Barn og unge treng trygge vaksne som kan gjere nokon av vala litt enklare. Frykta for å bli ståande aleine er ei årsak til at nokon ungdommar tek uheldige val i oppveksten.

Foreldrenettverk handlar om at foreldre i ein skuleklasse blir kjent med kvarandre gjennom sosiale møtepunkt. Foreldre er barna sine viktigaste støttespelarar og rollemodellar. Det er eit stort ansvar, og det er mykje foreldre skal ta standpunkt til. Då kan det vere godt å ha nokon å dele erfaringar med som har barn på same alder (foreldreutvalgene.no/fug/).

Vi må bry oss, ikkje berre om eigne barn, men òg om dei andre barna på avdelinga eller i klassen. Ein positiv foreldrekultur og ei foreldrenettverksgruppe er ein god og viktig måte å bry seg på
— Norsk narkotikaforebyggende forening

Kva er eit foreldrenettverk?

Her får du informasjon om kva eit foreldrenettverk er. Kvifor meiner politiet det er nyttig og kva erfaringar har foreldre med å organisere og delta på nettverksmøte.

Kvifor foreldrenettverk?

Foreldrenettverk legg til rette for at foreldra blir betre kjent med kvarandre og med barna i barnehagen eller i klassen. Eit godt foreldrenettverk blir m.a. anbefalt av politiet for å førebygge mobbing og psykososiale vanskar.

Dette bidreg til:

  • auka trivsel for både barn, elevar og foreldre

  • å skape tilknyting og engasjement for barnehagen, klassen og skulen

  • vennskap og inkludering

  • å utvikle felles normer og regler i foreldregruppa

  • at foreldre får kjennskap til kva som rører seg i miljøet til barna

  • at det vert enklare å ta kontakt med andre foreldre om ting dei bør vite om, eller når noko har skjedd

mal for samtalar

Meir innhald kjem